Godt brød, bakebok av bakesjef Stein Arve Bernes og klinisk ernæringsfysiolog Camilla Kristianslund

Godt brød si bakebok formidlar bakeglede gjennom bilde og tekst. Du får Godt brød (kjeda) sine favorittoppskrifter rett i handa. Baketips og steg-for-steg forklaring gjer bakinga enklare. Luftig design og fine bilde.

TilbodNOK299,25 Førpris:NOK399,00 Rabatt -25% inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

GOD SMAK - GODT SAMVET
Lukt av nybakt brød. Sprø, nysteikt skorpe. Mjuke bollar med kanel og kardemomme. Godt Brød sine bakarar startar grytidleg for at kundar skal få ein god start på dagen.
Til saman kan Godt Brøds 42 bakarar uendeleg mykje om mjøl, baking, brød og bollar. Derfor har dei i mange år svart på spørsmål frå gjestane sine på Bakaren svarer. Folk har spurt om surdeig, sunnheit og om korleis ein hever brød over natta. Og dei har vore glade for å kunna dela det dei veit om det eldgamle handverket.
I denne boka viser dei korleis me lagar 40 av deira mest populære brød, rundstykke og bollar. I tillegg får me baketips, steg for steg-forklaring og gode råd frå bakarane.
Heime, som i bakeriet, handlar det om å bruka god tid, riktig teknikk og gode råvarer. For dei vil det seia å bruka utelukkande økologiske råvarer. På Godt Brød er god smak og godt samvet det dei aller mest ønskjer å gje til gjestane sine.

200 sider

Forfattar
Bakesjef Stein Arve Bernes & klinisk ernæringsfysiolog Camilla Kristianslund

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.