HVA og NÅR skal vi spise? av Marit Kolby

"Forfattaren forklarer komplekse prosessar i kroppen på ein veldig enkel, lettlest og forståeleg måte. Boka har vore ein stor motivator for å gjera varige kosthaldsendringar."

PrisNOK399,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Bokmelding frå ein lesar: "Forfattaren forklarer komplekse prosessar i kroppen på ein veldig enkel, lettlest og forståeleg måte. Boka har vore ein stor motivator for å gjera varige kosthaldsendringar og endra etemønster, og dermed redusera langvarige, plagsame smerter i musklar, ledd og mage. Og som bonus har eg også gått ned 17 kg. Anbefalast på det varmaste!"

I det meste av tida me har levd på jorda, har ingen fortalt oss kva me skal eta. Det var ingen som telte kaloriar eller karbohydratar. Og sjølv i samfunn med god tilgang på mat, var det dei færraste som blei overvektige. I dag blir me fortalde kva me skal eta, t.d. har staten klåre ernæringsråd. Likevel blir majoriteten av oss overvektige, og mange blir sjuke av kosthaldet. Kva er galt med kosthaldet vårt, og kvifor er det så mange motstridande bodskap om kva me skal eta? Kven har rett, om nokon?

Denne boka gir deg eit nytt blikk på kva me eigentleg skal eta, og kvifor. Å eta sunt er eigentleg veldig enkelt, om du berre veit kva du skal navigera etter. Her får du oppdatert og forskningsbasert informasjon om det viktige samspelet mellom kroppen og maten, slik at du kan ta betre val i matvegen og få betre helse som resultat.

Boka er innbunden, 192 sider, ISBN 9788284370057,  9. opplag! 
Marit Kolby er matvitar og ernæringsbiolog, og arbeider til dagleg som høgskulelektor og forskar ved Oslo Nye Høyskole. Ho har etablert seg som ei frittalande og nytenkande røyst i den offentlege ernæringsdebatten, og er ein utretteleg formidlar av ny ernæringskunnskap. Både gjennom vitskapelege tidsskrift, aviser og nettstader, podkastar og andre sosiale medium, og ikkje minst gjennom denne boka «HVA og NÅR skal vi spise?».
 

Søk på You Tube, så finn du mange podcastar med Marit Kolby. Eller søk på Marit Kolby i NRK radio. 

 Høyr Marit Kolby snakka om den fyrste boka si her.

 

 

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.