Kjønnstru – Kampen om røynda forklarer kvifor og korleis kjønn er blitt til ein mystisk essens, «kjønnsidentitet», som ein trur er lausriven frå kroppen. Boka gjev ei grundig innføring i fleire alvorlege problemstillingar rundt fellesskapet si handtering av denne kjønnstrua. Slike problemstillingar er førebels ikkje grundig debatterte eller handterte i norsk offentlegheit.
Boka fengslar frå første side, og de som vil ha språk og argument for å delta i denne samfunnsdebatten, her er det berre å setja seg til med blyant og streka i margen.
Anne Kalvig (f. 1972) har lang fartstid som organisert kvinnesakskvinne, som tidlegare politisk aktiv på venstresida og som formidlingsglad religionsvitar. Ho var inntil sommaren 2023 professor ved Universitetet i Stavanger.
Kampen om røynda, 353 sider, nynorsk
Medvit Forlag 2023
Bokmelding: Tom Hetland er tidlegare sjefredaktør i Stavager Aftenblad. Han har meldt boka i si gamle avis.
Tom Hetland gjev boka terningkast 5
Podcast: Anne Kalvig snakkar om korleis kjønstru kom inn i skulen.