Kokeboka – Hva skal vi spise? av Marit Kolby og Hanne Fisher

"Maten du finn her, er først og fremst sett saman for å fungera, ikkje for å imponera." – Marit og Hanne

PrisNOK429,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne boka er til deg som har lyst til å laga meir mat av næringsrike råvarer, men som ikkje heilt veit kor du skal begynna. Boka er også til deg som er ganske dreven på kjøkkenet, men som treng påfyll av  oppskrifter i kvardagen. Sjølv når me skal laga enkle rettar, kan me ha lett for å leggja lista for høgt. Her får du hjelp til å leggja lista lågare, for nokon, mykje lågare. Men kokkane her kompromissar ikkje, verken på smak eller næringsverdi.  Norske råvarer er det beste av mange ulike årsaker.  

Kokeboka – Hva skal vi spise? er ein praktisk oppfølgjar til Marit Kolby si første bok "HVA og NÅR skal vi spise?" Den gir deg enkle, næringsrike og smakfulle oppskrifter. Her får du inspirasjon og motivasjon til å gjenoppdaga dei gode norske råvarene og leggja til rette for matglede i kvardagen.

Ei bokmelding frå ein lesar: "Mer enn en kokebok! I tillegg til de mange gode, enkle oppskriftene (uten å ha testet alle), inneholder også boken en god dose folkeopplysning om råvarer og kosthold samt en del myter om disse. Alt dette til sammen gir motivasjon og pågangsmot til å spise bedre, særlig siden de faktisk viser hvordan. Og på en veldig enkel måte, så enkel at jeg allerede har lært flere av oppskriftene utenat. Det sier alt.
Hjelper oss «back to basic» på flere områder, og det tror jeg hjelper fler enn meg (som kan gå seg litt vill og miste litt motet innen kosthold og matlaging - ironisk nok i dette informasjonssamfunnet). Takk for at dere forstår hva vi trenger og gir oss nettopp det, de fleste med mye kunnskap er for forfengelige til å tørre akkurat det.
Anbefales på det varmeste!"

Frisk forlag, 2023, 3.opplag, 224 sider, fine bilete av alle rettar, ISBN: 9788284371276

Systrene Marit Kolby og Hanne Fisher har laga KOKEBOKA i lag

Marit Kolby er matvitar og ernæringsbiolog, og jobbar til dagleg som høgskulelektor og forskar ved Oslo Nye Høyskole. Ho har etablert seg som ei frittalande og nytenkande røyst i den offentlege ernæringsdebatten, og er ein utretteleg formidlar av ny ernæringskunnskap. Både gjennom vitskapelege tidsskrift, aviser og nettstader, podkastar og andre sosiale medium, og ikkje minst gjennom boken «HVA og NÅR skal vi spise?».

Søk på You Tube, så finn du mange podcastar med Marit Kolby. Eller søk på Marit Kolby i NRK radio. 

Høyr Marit Kolby snakka om den fyrste boka si her.

Hanne Fisher er psykologspesialist og arbeiderer i eit tverrfagleg team i psykisk helsevern. Ho utdanna seg i England, og fullførte der doktorgrad:  Doctorate in Clinical Psychology (DClinPsy). Fordjupningsområdet var helsepsykologi og tilstanden kronisk utmattigssyndrom. Ho er oppteken av samanhengen mellom ernæring, psykisk og fysisk helse. På fritida har ho interesse og kjærleik for tradisjonell matlaging, den daglege middagslaginga og utforsking av smakar frå andre land.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.