Mona Vetrhus har skrive ei eventyrleg og original godnattforteljing, og den prislønte biletkunstnaren Sebastian Meschenmoser har illustrert boka.
Om boka:
Veslebjørn, mamma og besta skal sove den lange vintersøvnen – men det vil ikkje Veslebjørn. Då besta var ung, var ho på nattklubb med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn. Veslebjørn og besta snik seg ut på jakt etter ein nattklubb. Dei tek med seg den gamle diskokula til besta.
Først møter dei piggsvina som er opptekne med å plukke kveldsmat. Deretter møter dei beverfamilien som er opptekne med å snikre. Ulven Ulf skal sjå etter månen.
– Er det ingen som har tid til ein dans? ropar besta.
– Vi kan lage vår eigen nattklubb, seier Veslebjørn.
– Vi har jo diskokula.
– Men vi treng fleire for å dansa hattedansen, seier besta.
Nattklubben er ei fantasifull god natt-forteljing med nydelege illustrasjonar av Sebastian Meschenmoser. Vaksne er ofte opptekne med alt som ein føler ein må gjere. Forteljinga minner oss om at vi må ta oss tid til det som gir oss glede.
Boka passar godt for barn i alderen 3–6 år.
Dette er Mona Vetrhus, f. 1975, frå Uskedalen si fyrste barnebok. Mona Vetrhus er lyrikar og radioprogramleiar. Ho er utdanna innan litteratur, språk og psykologi. I fleire år har ho arbeidd som litterær rådgjevar i foreninga «Leser søker bok».
Sebastian Meschenmoser, født i 1980, studerte kunst i Mainz.Han er forfatter og illustratør av en rekke bildebøker, hvorav flere ble nominert til den tyske ungdomslitteraturprisen.I 2019 ble en smykkeutgave av Michael Endes Neverending Story, illustrert av ham, publisert.Sebastian Meschenmoser bor i Berlin med familien sin.