Far planta eit tre, Ingvar Olimstad

Ei slags minnebok, med minne som lesaren vil kjenna seg att i, frå fleire kantar av verda.

NOK200,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

"Far planta eit tre" er ei slags minnebok, med minne frå mange kantar av verda, men mest frå vårt heimlege Noreg. Minna spenner frå barndom til alderdom. Boka inneheld dikt, rimdikt og prosadikt, viser og salmar. Mange songar har fått melodi og er trykte med noter til.

Dette er ei bok til å ta fram ved mange ulike høve. Lesaren vil kunna kjenna seg att i mange tekstar, og derfor er dette ei veldig fin bok til å sitera frå ved ulike høve. 

Det er ikkje lett å plukka ut ein favoritt mellom tekstane, for her er verkeleg mange gode. Forfattaren verdset naturen, livet, og han ser gjennomgåande det gode i menneska rundt seg. Slik er dette blitt ei bok til stor inspirasjon. Han greier å røra ved djupe kjensler, han kallar på mange slags minne og refleksjonar.  Det er ei bok til å ta fram om att og om att.

Boka har 94 sider. Utgjevar er Suldal Mållag, og laget får også inntektene av boka. 

Ok, då. Eg, butikkeigar, skal nemna ein av favorittekstane mine. Kveldsro s.18.  Kjøp boka og lat deg inspirera t.d. av denne.  :-)

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.