Fargeklatten, Solveig Kirker Olimstad. Illustratør: Elisabeth Litlehamar.

FARGEKLATTEN er ei nynorsk barnebok som handlar om ein spøkelsegut som ikkje greier å halda seg kvit og derfor blir utstøytt av samfunnet.

PrisNOK200,00 inkl. mva.
På lager

Produktinfo

FARGEKLATTEN er ei nynorsk barnebok som handlar om ein spøkelsegut som ikkje greier å halda seg kvit og derfor blir utstøytt av samfunnet. Den indre handlinga går på retten til å vera den du er, og at alle er verdifulle sjølv om dei er ulike dei "normale".
Forfattar: Solveig Kirker Olimstad.
Illustratør: Elisabeth Litlehamar.
Solveig er frå Sand i Ryfylke, men har budd i USA dei siste 30 åra. På engelsk har ho gitt ut barneboka "The Florida Pod".
Elisabeth er kunstnaren som har atelier, kunst- og gardsbuttikk på Litlehamar ved Suldalsvatnet.
Boka kostar 200 kr.
Forfattar og illustratør har donert alle inntekter av boka til ABBS-senter i Nepal. Forlags- og trykkeutgifter er også betalt, så kvart øre går til ABBS-senteret.
ABBS er eit senter for barn og unge med funksjonshemming i Nepal. "Håpets senter" blir det kalla på folkemunne. Senteret har ei norsk støttegruppe der Torbjørg og Ingvar er med i styret. Torbjørg var med i oppstarten av senteret for 25 år sidan. Store ting har skjedd på desse 25 åra. Senteret har hatt knoppskytingar, og foreldre og styresmakter har oppdaga at barn med utviklingshemmingar også er verdifulle.
"FARGEKLATTEN" blir lansert på Suldal Kulturhus laurdag 22. august kl 11,30.
Arrangør: Suldal Bibliotek og Suldal Mållag.