GODT RY, Roy Høibo og Lise Bjelland

Flott bok om Ryfylke, tekst av Roy Høibo og bilete av den fantastiske fotografen Lise Bjelland

NOK490,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

I halvtanna år har Roy Høibo og Lise Bjelland samla stoff om folk og liv i Ryfylke. Tirsdag 20. oktober presenterte dei boka «Godt Ry – Kjensla av Ryfylke.»

Boka er blitt til i begeistring for Ryfylke og byr på både natur, folk og forteljingar om det ryfylkingane lever av.

«Å reisa i Ryfylke kan vera ei oppdagingsferd i nytenking, kreativitet og risikovilje», skriv Roy Høibo i boka. «Å reisa i Ryfylke er møte med folk som vil og kan og som får det til».

Målet har vore å visa fram ein del av det flotte som går føre seg i Ryfylke, og visa at Ryfylke har minst like mykje å by på som meir framsnakka delar av vestlandet. På bokkvelden vil dei by på smakebitar av både det eine og det andre.

Boka er i stort format og har mykje biletstoff.

Roy Høibo er tidlegare direktør ved Ryfylkemuseet og har budd og arbeidd i Ryfylke i over 40 år.
Lise Bjelland er fotograf med sterk tilknyting til Ryfylke og Suldal især, og med bakgrunn i pressefotografering og som frilans fotograf. I Suldal er ho kjent som utgivar av det populære og flotte magasinet FRI.

FIN gåve til jul!

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.