Nøkkelring i tre, augnestikkar

Ekte tre, herleg i handa når du tek i nøkkelringen din.

NOK76,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne handsmidde nøkkelringen i form av ein augnestikkar passar for deg som likar fine ting og for deg som er oppteken av artsmangfald i naturen.  Dessutan for deg som vil ha ein praktisk nøkkelring.

Augnestikkar: rovinsekt av ordenen Odonata

Det er mange artar av augnestikkar, og dei er av dei raskaste insekta som finst. Farten kan komma opp i 25 km/t. Dei er nesten som små helikopter, og kan absolutt verka skumle, sjølv om dei er heilt ufarlege for folk. Men øyenstikker/augnestikkar fortel kanskje at ein har trudd dei kunne stikka folk i augo.  Ordet kjem frå tysk Augenstecker. Så det er nok i så fall der dei har trudd det.
Nokon har rekna med at dei heller kunne gå til åtak på øyro. I Sunndalen seier dei ørsnell(e), eit ord som elles er utbreidd i Trøndelag. Det finst variantformer, som ørsnøll, ørsneldre, ørsnildre, ørsnørr m fl. I Brekken hestørsnildre. Oppover Orkdalen hadde dei ørsnelle som utnamn på ørbyggene, dei frå Orkanger.
I Nord-Trøndelag er ørsnipe eit utbreidd namn, og på Nordmøre ørstøng eller ørstingar. Ein rindaling kalla storspelmannen Hallvard Ørsal for «ørstøng». Kanskje han tykte det stakk i øyro når han høyrde felemusikken.
I indre strøk i Namdalen finst nemningar som myrsnørr og myrsnørrill.
Nokre artige ord for augnestikkar/libelle vidare utover landet: Tjennbøssmar (Eidskog), dobbeldekkar (Senja) og helvetesnavar (Jæren, Bjerkreim).

Kjelde: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/07/23/orsnelle/

 

Europa har i dag ca. 138 arter øyenstikkere.  I Norge har vi pr. dags dato 50 arter.

Hvordan har det seg så at vi omtaler denne gruppen som «øyenstikkere»? «Alle» vet jo at disse insektene ikke stikker folk i øynene. Dette ufortjente ryktet er det rett og slett ikke så enkelt å nøste opp i. Sannsynligvis er det aldri «oppfunnet» som et norsk ord, og sannsynligvis er det aldri blitt etablert av noen vitenskapsmann eller ekspert på gruppen. Høyst sannsynlig er det en direkte oversettelse av det tyske trivialnavnet «Augenstecher» som har spredt seg for egen maskin.Da blir også forklaringen å finne i utenlandsk litteratur, om den finnes. Ser man på gamle trivialnavn fra England og Tyskland, finner man at svært mange av disse åpenbart har negative assosiasjoner.

Det dominerende navnet i Sør-Norge er derfor «øyenstikker», mens det i nord benyttes «øresnelle», med variasjoner . De andre navnene, henviser for en stor del til ulike redskaper som «ørsnelle», «trollkjæring-rokk», «Gammel-Eriks besman» osv. Kjært barn har altså mange navn, men skal vi gjøre en vurdering ut i fra navnene, har det neppe blitt ansett som særlig kjært ...

Kjelde: http://www.entomologi.no/journals/insektnytt/2015/IN_40_01+02_2015.pdf

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.