Fugl, utskoren i tre, blåstrupe

Fugl, utskoren i tre, blåstrupe, vanlegare ein skulle tru, berre sjå etter han når du er på tur i liar, skog og fjell.

PrisNOK265,00 inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne fine fuglen er skoren for hand i tre. Han kjem i fin gåveøskje.

Storleik på fuglen: ca. 11 x 4 x 8 cm

Blåstrupe (Luscinia svecica) er ein arktisk fugl. Han er ganske vanleg, men ikkje så kjend likevel. Det gjeld å sjå etter han.  Hannen har ein kraftig blå flekk med eit rustraudt midtparti på strupen. Varselropet er «huitt tækk tækk tækk»; songen skal vera vakker og variert. Blåstrupen er ein slank fugl som vert om lag 14 cm lang og 18 gram tung.

Blåstrupen finst i fjellet i Sør-Noreg og i fjellet og ut til kysten i Nord-Noreg. Han likar best irrgrøne fjellbjørkeskogslier og vierkjerr langs lågalpine våtmarker, men kan også treffast i skog der or, furu og gran dominerer. Det er helst i dei lyngrike skogvegetasjonstypane ein finn blåstrupen, men også i rikare skogutformingar så vel som i fuktig skog- og viervegetasjon. Den norske hekkebestanden er truleg på 500 000 til 1 million par.  

Blåstrupen gøymer reiret godt, helst i kratt nær vatn. Paret byter på å ruga dei 5-7 egga, som er bleikt grønaktige eller blågrøne med rustraude flekkar. Egga vert klekte etter fjorten dagar.

Føda er samansett av insekt i ulike stadium, både vaksne, larver og pupper. I tillegg et dei mykje markar. Maten finn blåstrupa på fuktige plassar og nær vatn.

Blåstrupen er ein trekkfugl som kjem til landet i april og flyg sørover i september. Fuglen opptrer skjult på trekket og er lett å oversjå. Truleg flyg dei skandinaviske fuglane søraustover mot det sørvestlege Asia.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.