Fugl, utskoren i tre, grønsisik

Grønsisik, fugleart i finkefamilien. På storleik med blåmeis.

NOK210,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Kjenneteikn: Grønsisikhannen er kontrastrikt mønstra i gult, grønt og svart mens hoa er mørkare grå med innslag av grønt og gult. Songen om våren er eit karakteristisk “ptlyyyyy”.

Utbreiing: Sterkt knytta til gran- eller furuskog. Finst i heile landet der me finn slik skog, men finst også i bjørke- og gråorskog-habitat.

Næring: I hekkesesongen er konglefrø viktigaste matkjelde, mens i vinterhalvåret oppheld grønsisiken seg i opnare landskap med orefrø som viktig kostinnslag. Besøker gjerne fôringsplassar.

Forflytningar: Dei fleste grønsisikane trekkjer ut av landet til Vest- Mellom- og Sør-Vest-Europa i september-oktober, men i milde vintrar med rike frøsettingar overvintrar ein del individ i Noreg.

Hekkebiologi: Reiret lagar dei gjerne høgt ute på ei gran- eller furugrein eller i buskas av gran, furu eller einer, og det er vanskeleg å finna. Egglegginga startar vanlegvis i april-mai, og det er truleg vanleg at det kjem to kull i løpet av hekkesesongen.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.