Fugl, utskoren i tre, svartkvit flugesnappar

Fugl, utskoren i tre, flugesnappar, ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.

NOK207,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Svartkvit flugesnappar er ein kjend og kjær fugl i hagar og parkar. Han er ein av dei få trekkfuglane som ofte hekkar i fuglekassar. Dermed konkurrerer flugesnapparhannen med meisane som er her om vinteren og som kan posisjonera seg på dei beste plassane i god tid før trekkfuglane frå Afrika kjem.

Svartkvit flugesnappar legg vanlegvis 6-7 lyseblå egg, rugar i 13-15 dagar, og ungane er i reiret 15-16 dagar. Hos svartkvit flugesnappar er det hannen som er svart og kvit, mens hoa er brun der hannen er svart.

Flugesnapparen lever, som namnet seier, så å seia berre av insekt, men kan og ta litt bær. Allereie i august begynner hausttrekket ned til tropiske Afrika. Denne fuglen kan bli 11 år.

Habitat: Den svartkvite flugesnapparen finst overalt i Noreg unnateke på høgfjellet og langs den mest eksponerte delen av kysten vår. Han føretrekkjer lauvskog framfor barskog, men finst i begge skogstypane så sant det finst tilgjengelege reirhol.

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 130 x 48 x 82 mm, som er omlag same storleik som levande fugl.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.