Fugl, utskoren i tre, toppmeis

Toppmeis, ein utprega barskogsfugl som finst vanleg nord til Nordland.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Toppmeis, Parus cristatus, er 12 cm stor. Han er ein utprega barskogsfugl som finst vanleg nord til Nordland. Toppmeisa er svært stasjonær og held seg innanfor territoriet året gjennom. Han hamstrar næring.

Kjennetegn: Toppmeisa er lett kjenneleg med svart-kvite og spraglete hovudteikningar, sin fjørtopp og ei einsfarga, gråbrun ryggside. Lyden er eit karakteristisk rullende “prululull” eller “prulululi’t”.

Habitat: Utprega barskogsfugl som likar skog med gamal gran og furu best.

Forflytningar: Toppmeisa er standfugl og svært stasjonær. Ungfuglar kan streifa ein del på ettersommaren og hausten.

Næring:  Edderkoppar, insekt og ulike frø, særleg granfrø.

Hekkebiologi: Hekkinga begynner tidleg på våren i holrom i morkne tre eller i fuglekassar med egglegging frå starten av april. Stort sett 4-6 egg som er færre enn det ein finn hos dei andre meisene. Rugetida er ca. 14 dagar. Hekkarar i kyststrok av Sør-Noreg kan ha to kull i sesongen.

Engelsk namn: Crested Tit

 

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.