Badeolje

Badeolje frå Lykkelig som liten. Laga hjå nonnene på Tautra.

NOK154,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Eg har teke badoljen inn i butikken på etterspørsel frå kundar og fordi der er veldig gode tilbakemeldingar.

Denne badeoljen gir huden ein skånsom og naturleg vask, utan skadelege tilsetningsstoff. Badeoljen er blanda med ulike pleiande oljer og fuktbevarande stoff, tilsett litt mild oljesåpe. Bruk nokre dråpar i badevatnet eller på vaskekluten. Mange vaksne brukar denne oljen som dusjolje. Han er pleiande og smørjande og veldig skånsom for tørr og sensibel hud. Badeoljen inneheld m.a. økologisk avokadoolje (som gjevden grøne fargen), jojobaolje, aprikoskjerneolje, mandelolje, glycerin og lavendelolje. Inneheld ikkje parabenar. Pga. at badeoljen ikkje inneheld skadelege emulgatorer, skil han seg, og må ristast før bruk.

INCI: Sulfated Castor Oil, glycerin, Rosa Damascena Flower Water, Persea Gratissima Oil, Prunus Armeniaca Kernel Oil, Prunus Amygdalus Dulcis Oil, Simmondsia Chinensis Seed Oil, Tocopherol & Lavandula Angustifolia Oil.

Produksjon på Tautra – Badeoljen er utvikla av legeparet Kari og Nils* og blir laga av nonnene på Tautra** som har lang erfaring med produksjon av kremar og såper.

* Kari – Kari har i årevis engasjert seg innan svangerskaps- og barselmedisin, og har mykje kunnskap og erfaring innan dette feltet. Ho har født seks born sjølv, og har såleis også mykje eiga erfaring. Hun har arrangert private kurs for gravide i Trondheim, er føredragshaldar, og er engasjert i Legeforeninga med tema som gjeld svangerskap og barnehelse. Ho er medlem i Nasjonalt fagråd for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgen. I tillegg til jobben som fastlege, arbeider ho også som lektor ved NTNU, der ho underviser nybakte legestudentar. Kari er også fast spaltist i Adresseavisen.

Nils – Nils arbeider som fastlege saman med Kari på Munkholmen Legesenter i Trondheim. Han er også tilsett som lektor ved NTNU, og underviser legestudentar kvar veke. Han har arbeidd som helsestasjonslege i fleire år. Han er godkjent idrettslege, og er nå engasjert i ei bistilling som lege for det norske damelandslaget i handball.

** Informasjon frå heimesida til klosteret:

Cisterciensernonnene bur på Tautra, ei lita øy i Trondheimsfjorden i Noreg. Dei lovprisar Gud sju gonger om dagen i den vakre kyrkja si, og dei lever eit liv i bøn og kontemplasjon. For å tena til livets opphald, har dei utvikla eit såpe- og hudpleiekonsept der dei brukar dei finaste råmateriala som er å få tak i. Dei gjer dette arbeidet som ei bøn for fred. For fleire opplysningar om klosteret deira: http://www.tautra.no/

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.