Barnesalve

Barnesalve frå Lykkelig som liten. Laga hjå nonnene på Tautra.

NOK239,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Barnesalven er uunnverleg for dei som har ein spedbarn i huset. Han er veldig god som stellesalve og elles for irritert hud. Laga av utvalde, milde fettstoff og oljer med tilsetningar av vitaminar og antioksidanter. Gjennom mange års erfaring veit ein at desse har god effekt for huden. Salven verkar helande og lindrande om huda er blitt raud og sår. Den er òg veldig god for tørr hud og tørre flekkar, lettare former for eksem og så vidare.

Eg har teke salven inn i butikken på etterspørsel frå kundar.  Veldig gode tilbakemeldingar fordi ingrediensane sheasmør, avokado-, ringblomst-, jojoba- & lavendelolje har så god effekt på huda. Salven er utan parabenar, utan kortison, utan hormonhermarar, og utan kunstige lukt-, farge- eller konserveringsstoff.

Boksen er liten, men salven er drøy. Han kan sjølvsagt og brukast av vaksne.

INCI: Lanolin, Prunus Amygdalus Dulcis Oil, Persea Gratissima Oil, Butyrospermum Parkii, Simmondsia Chinensis Seed Oil, Calendula Officinalis, Beeswax, Retinol Palmitate, Arachis Hypogaea, Tocopherol & Lavandula Angustifolia Oil.

Produksjon på Tautra – Salven er utvikla av legeparet Kari og Nils* og blir laga av nonnene på Tautra** som har lang erfaring med produksjon av kremar og såper.

* Kari – Kari har i årevis engasjert seg innan svangerskaps- og barselmedisin, og har mykje kunnskap og erfaring innan dette feltet. Ho har født seks born sjølv, og har såleis også mykje eiga erfaring. Hun har arrangert private kurs for gravide i Trondheim, er føredragshaldar, og er engasjert i Legeforeninga med tema som gjeld svangerskap og barnehelse. Ho er medlem i Nasjonalt fagråd for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgen. I tillegg til jobben som fastlege, arbeider ho også som lektor ved NTNU, der ho underviser nybakte legestudentar. Kari er også fast spaltist i Adresseavisen.

Nils – Nils arbeider som fastlege saman med Kari på Munkholmen Legesenter i Trondheim. Han er også tilsett som lektor ved NTNU, og underviser legestudentar kvar veke. Han har arbeidd som helsestasjonslege i fleire år. Han er godkjent idrettslege, og er nå engasjert i ei bistilling som lege for det norske damelandslaget i handball.

** Informasjon frå heimesida deira:

Cisterciensernonnene bur på Tautra, ei lita øy i Trondheimsfjorden i Noreg. Dei lovprisar Gud sju gonger om dagen i den vakre kyrkja si, og dei lever eit liv i bøn og kontemplasjon. For å tena til livets opphald, har dei utvikla eit såpe- og hudpleiekonsept der dei brukar dei finaste råmateriala som er å få tak i. Dei gjer dette arbeidet som ei bøn for fred. For fleire opplysningar om klosteret deira: http://www.tautra.no/

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.