Såpe frå Nepal

Handlaga såpe med naturlege ingrediensar.

NOK45,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Såpe frå Touch Nature.  Berre naturlege ingrediensar.  

Her ser du eit utval av såpene eg har. Her i nettbutikken kan du berre bestilla tal, altså kor mange du vil ha, og så vel eg ut ei såpe til deg. Eg greier ikkje å oppdatera etter kvart for kor mange eg har av kvar type, for eg har så mange ulike, men ikkje mange av kvar til eikvar tid. (Du kan likevel skriva i kommentarfeltet når du kjem til kassen, om du har spesielle ynske.) Alle såpene er gode. Dei luktar såpe og ikkje parfyme, så lukta er ikkje avgjerande. Same kva du får, vil du bli fornøgd, trur eg.

I desse handlaga såpene er der naturleg glyserin, som gjer huda mjuk. Såpa tørkar ikkje ut huda slik nokon av industrisåpene gjer.
Konsentrer deg når du vaskar hendene med ei av desse, nyt kjensla av den mjuke smørjande såpa mot huda.

La såpa tørka når ho ikkje er i bruk, så varer ho lenger. Pass på at ho ikkje blir liggjande i vatn i såpekopp, for då flyt ho ut.

8o g.

Handlaga i Nepal. Fair Trade.
Touch Nature er ei lita bedrift driven av einslege mødrer. 

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.