Perlehøne, keramikk, 11 cm

Perlehøne, keramikk, handlaga frå Sør-Afrika.

NOK233,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Perlehøne, keramikk, fine fargar med krakelering. Der vil vera variasjonar i fargen. Vakkert kunsthandverk.

Brent i rakuteknikk. *

Mål: høgde 11 cm

Handlaga frå Sør-Afrika.

Raku-brenning   kjelde: http://home.hib.no/mediesenter/haandverk/selvgjort/keramikk.htm#raku

Raku er ein gamal asiatisk teknikk frå 1600-talet. Prosessen er arbeidskrevjande, men gjev spesielle fargar, ofte med kobparglans og med markerte krakeleringar. Teknikken gjev mange spanande og uføreseielege resultat, men det gjev unike produkt som er umoleg å kopiera.
Raku-brenning føregår vanlegvis i friluft for prosessen fører med seg både opne flammar og røyk. Kort sagt går teknikken ut på at gjenstanden blir løfta ut av omnen når glasuren smeltar ved ca. 900°C. Den glødande gjenstanden blir dekt med sagflis. Flisene tek fyr og avgjev gassar som gir glasuren spesielle fargar. Deretter blir gjenstanden kjølt raskt ned ved hjelp av vatn. Det store temperatursvingningane krev at det blir brukt spesiell leire.
Raku-keramikk er porøst, og egnar seg derfor ikkje til matvarer.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.