Serviett, Det hev ei rosa sprunge

Serviett, pakke med 20 stk, Det hev ei rosa sprunge

NOK46,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Serviett, pakke med 20 stk. "Det hev ei rosa sprunge", opphaveleg ein tysk song frå 1500-talet.  Her er to vers på framsida og eit vers på baksida av servietten. Den mest utbreidde tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet.  Berre dei finaste tekstane og dei finaste melodiane held seg i 500 år.  "Det hev ei rosa sprunge" er mellom dei. 

No kan alle rundt bordet stemma i, til bordvers eller som allsong. Skrifta på servietten er ljos grå, lesbar for dei med greitt syn.

Ei fin gåve til jul, eller t.d. vertinnegåve i adventstida.

Det hev ei rosa sprunge

Bergen Domkor:  https://www.youtube.com/watch?v=O8pK_cVJdl4

Omsett til norsk av Peter Hognestad, 1919

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
Ved mørke midnattstid.

Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
Som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
Og natti vart til dag.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.