Sleiv, oliventre

Sleiv i vakkert oliventre.

NOK93,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Sleiv i oliventre frå Tunisia. Laga av heil ved, av oliventre som ikkje lenger ber frukt. Ikkje limt på noko vis. Held seg fint viss du passar på å olja av og til. Det flammande treverket gjer sleiva til eit lite naturens kunstverk. Ingen av dei er like.

NB! Her kan ein velja om ein vil ha hjørna på sleiva på venstre side, som gjerne er best for høgrehendte eller på høgre side, som gjerne er best for venstrehendte.

Mål: ca. 30 cm lang

Etisk handel.

Oliventre er ein seintveksande hard tresort.  Produktet vil halda seg om du hugsar dette:
- unngå oppvaskmaskin, vask for hand
- ein gong imellom setja inn med olivenolje for å hindra uttørking
- ikkje la oliventre liggja i vatn, unngå sterk varme

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.