Nydeleg vest, eller trøye om du vil, i nesle. Handspunne garn og handstrikka. Unike plagg, ingen er like. Nesle er bra for huda, og denne trøya kan og godt brukast som undertrøye.
NB! Vestane er sydde saman i sida, så sjatteringane på framsida og baksida varierer noko, men alt er berre naturlege variasjonar i naturgarnet, som altså ikkje er farga.
Storleik: Liten - Medium (S-M) (Dokka på biletet er str 38.)
Mål: Lengde: frå skulder og ned: ca.52 cm
Kan vaskast og vaskast, for nesle er sterke fibrar.
Laga i ein veglaus landsby i Nepal. Fair trade.