Sjal av nesle, 100% natur og handlaga, 30-11

Sjal av nesle, 100 % naturfiber - ei velgjerande gåve.

PrisNOK420,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Nydelege sjal av nesle, 100% naturfiber. Handspunne garn og handstrikka.  Sidan dette er handarbeid, frå innhausting av neslen til ferdig plagg, er der variasjonar i i kor tjukk/mjuk tråden er, i farge og i storleik.  For enkelte vil sjalet kjennast litt stivt til å begynna med, men det blir mjukare med bruk og med vask.  Tilbakemeldingane frå kundar er god. Sjalet er i dagleg bruk, og det blir berre betre og betre. 

Mål:
ca. 30cm  x 200 cm       
Kvart sjal er strikka for hand, og måla varierer litt.
  

Dette er naturens eigne fargar, derfor varierer fargen frå det eine sjalet til det andre. I tillegg er der sjatteringar i kvart sjal. 

Sjalet kan vaskast for hand eller på silke- eller ullprogram i maskin. Det blir mjukare for kvar vask.

Dette er ei unik og velgjerande gåve.  Kvinnene som står for tilverkinga, får kjærkomne inntekter, og med sjølvstendige inntekter følgjer auka status i familien. Når ein legg dette sjalet om hals og aksler kan ein tenkja på at også ho som har spunne og spøtt, får varme av det.

  Draumen til denne butikkeigaren harlenge vore å koma ut til distriktet der dei spinn nesletråden og spøtar og vev dei fine sjala, vestane, brikkene og løparane. Nå i oktober 2019 har eg vore der.  Trykk på fanearket med info over.

Sagt om klesplagg av nesle:
Allo is cool in the summer and warm in winter, and it´s waterproof, durable and can be worn throughout the year. And then there´s the gauzy lightweight feel of allo shawls and scarves that makes you feel like you´re in a fairy tale world, evoking at every glance the beautiful mountains of eastern Nepal where ingenuity, folk science, and very hard work come together.

La deg fasinera av denne videoen som viser mange ulike måtar å bruka skjerf og sjal på.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.