Sjal, etter gamal modell frå Suldal

Oldemor sitt sjal med kross i kvart hjørne.

PrisNOK990,00 inkl. mva.
Akkurat no er eg utseld for desse, men nye kjem. Skriv deg på nyheitsbrev, så får du melding direkte. Sjå i venstre meny.
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Sjal i 100% ull, kvadratisk med frynser og med ein kross i kvart hjørne.

I flg. Norsk institutt for bunad og folkedrakt var denne typen sjal mykje brukt i Noreg i andre halvdelen av 1800-talet. Orginalen er det Valborg Roalkvam, f. i Øvre Suldal i 1859, som har hatt.  Me veit ikkje kor desse sjala vart laga på den tida, men dette sjalet som er ein kopi av det gamle, er laga i Nepal, vove på den gamle måten, på ein mekanisk vevstol. 

Det gamle sjalet har brun bomullsrenning og innslag av ull. Det nye har mørkebrun lammeull i renninga og svart lammeull i innslaget, og kvaliteten er dermed noko mjukare enn i det gamle sjalet.

Mål: ca. 90 x 90 cm

Laga for hand i Nepal. Fair trade.  Sjalet er produsert for ALL VERDAS gåver og bruksting og blir berre selt i denne butikken.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.