Rund Bolga-korg 8

Klassikaren mellom korgene.

NOK470,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Rund korg, eitt handtak med skinn.  

Mål: 39-42 cm i diameter, 22-25 cm høg. Ingen korger er heilt like.

Korga er fin til å ha spøtet i, men og fin til å frakta ting i. Når du skal nokon stad i bil, t.d., kan du fylla korga med alt du treng og setja henne i setet ved sida di. Der står korga støtt, og fordi ho er låg og open, har
du god oversikt over alt du treng.

Handveske, vassflaska, matpakke, termos, cd'ar, spøt, sko, ekstra skjerf, vottar, huva, våtserviettar -  denne korga rommar alt, og fordi ho er rund og flat under, står ho støtt  i setet.  Her kan du og få plass til varer når du handlar, små posar og pakkar, ein blom,  - kva det måte vera, eller heile daglegvarehandelen.
I staden for plastposar eller handlenett som lett veltar, kan du transportera mjølk og tomatar, smør, fisk og vaskepulver, støtt og sikkert.

Korgene blir  kalla ”Bolgakorger”, fordi dei kjem frå Bolgatanga-området nord i Ghana. Dei blir laga av elefantgras. Fair Trade.

Ta gjerne direkte kontakt om du vil ha ei korg.


Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.