Leika med papirdokker? Ja, mange vaksne har gode barndomsminner med papirdokker. Nå er dei her igjen!
Her får du 4 papirdokker, Maude, Noel, Lara og BoB, på litt stiv papp, ferdige til å klyppa ut. Alle desse har fått klede som er ferdige til å klyppa ut. I tillegg kan du farga 60 plagg sjølv, som du så kan klyppa ut. Her er det fleire aktivitetar som passar for barn i alderen 5-12 år. Dei minste må nok ha litt hjelp av vaksne til å klyppa ut, så alle hempene på kleda kjem med og alt blir i rett fasong.
Fin aktivitet for vaksne og barn i lag. Det kan koma mykje kos ut av dette. Farging, klypping, kle på dokker og leika er alt gode aktivitetar for å trena finmotorikk.
Det er Fam Irvoll, ein av Noregs mest kjende designarar som har laga papirdokkene.