Pengepung, handbrodert

Pung til pengar og/eller kort, eller kanskje til smykke. Mange bruksmåtar fro denne nydeleg laga pungen.

NOK175,00 inkl. mva.
På lager: 13 stk.
  • Produktinfo
  • Madagaskar, broderi
  • Produktmeldingar (0)

Pung til pengar eller kort, eller kanskje til smykke eller ein ladar eller andre småting.

NB! Motiv og fargar er mest sannsynleg annleis enn på biletet. Sidan desse er broderte for hand, er der aldri to like. Du får ein nydeleg og unik pung, og så blir det ei overrasking korleis mønster og fargar er.

Brodert for hand på begge sider. Bomullsfôr.

Mål: 12 x 8,5 cm

Frå Madagaskar.  Eit godt prosjekt som eg gjerne vil støtta gjennom å selja tinga deira. 

May Lise Talgø frå Stavanger, hjelpearbeider med lang erfaring og veldig bra prosjekt på Madagaskar, fekk oppleva det å bli fenglsa på Madagaskar.

Rettsvesenet på Madagaskar er ikkje til å tru. Ho blei faktisk dømd til fengsel utan at dei undersøkte innhaldet i den flaska dei påstod at det ikkje var honning men cannabisolje.  Les om saka hennar her:

http://www.aftenbladet.no/nyheter/utenriks/Advokatene-til-fengslet-Stavanger-kvinne-pa-Madagaskar---Hun-ble-lurt-av-sin-egen-tolk-3855109.html

 

Ho kjøpte med seg broderi frå fengselet og det er dei som er til sals i min butikk. Veldig fint handarbeid. Baksida like fin, verkeleg like fin, som framsida.

Stavanger Aftenblad har vore på besøk i fengselet der dei broderer så fantastisk fint.

http://www.aftenbladet.no/nyheter/utenriks/Bli-med-pa-innsiden-av-Antsirabe-fengsel-3857965.html

 

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.