Sjal av nesle og silke, 100% natur og handlaga, 1

Sjal av nesle og nesle, 100 % naturfiber - ei velgjerande gåve.

NOK440,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Tilverking av nesle
  • Produktmeldingar (0)

Nydelege sjal av nesle og silke, 100% naturfiber. Handspunne neslegarn og handstrikka.  Sidan dette er handarbeid, frå innhausting av neslen til ferdig plagg, er der variasjonar i i kor tjukk/mjuk tråden er, i farge og i storleik. For enkelte vil sjalet kjennast litt stivt til å begynna med, men det blir mjukare med bruk og med vask.  Tilbakemeldingane frå kundar er god. Sjalet er i dagleg bruk, og det blir berre betre og betre. 

Mål:
ca. 40 x 190-200 cm       
Kvart sjal er strikka for hand, og måla varierer litt.
  

Dette er naturens eigne fargar, derfor varierer fargen frå det eine sjalet til det andre. I tillegg er der sjatteringar i kvart sjal. 

Sjalet kan vaskast for hand eller på silke- eller ullprogram i maskin. Det blir mjukare for kvar vask.

Dette er ei unik og velgjerande gåve.  Kvinnene som står for tilverkinga, får kjærkomne inntekter, og med sjølvstendige inntekter følgjer auka status i familien. Når ein legg dette sjalet om hals og aksler kan ein tenkja på at også ho som har spunne og spøtt, får varme av det.


La deg fasinera av denne videoen som viser mange ulike måtar å bruka skjerf og sjal på.

Tekst og alle foto: All verdas gåver og bruksting

Bordbrikker  i 100% nesle   (Lokalt namn: allo)

Allo er ein stor nesleplante, Girardinia diversifolia, som veks aust i Nepal, 1200-3000 m.o.h. Planten kan bli over 3 meter høg, og trivst best i skuggen av lauvskog i fuktige og nordvende område.

Haustinga skjer i månadsskiftet november/desember. Haustinga er heile grenda i lag om. Då reiser minst ein frå kvar husstand opp i jungelen der plantene veks og haustar allo i 4-5 dagar.

Stengelen vert hoggen av 15 cm over bakken og lauva på stengelen vert flekte av. Ein må ha ei tøyfille i handa for ikkje å bli brend. Kjem ein i kontakt med blada og trådane på stengelen, svir det på same måten som når ein kjem bort i våre vanlege brennenesleplantar. Det ytste fiberlaget på stengelen vert flekt av. For å skilja ytterfibrane frå stammen nyttar dei tennene. Fibrane frå fem planter vert vridde saman til ein bunt som vert kokt i ei blanding av vatn og oske i to-tre timar. En kan koka fibrane med det same eller hengja dei til tørk, for så å bløyta dei opp og koka dei seinare.

Etter kokinga vert fibrane banka og vaska for å løysa fibrane frå kvarandre og for å fjerna planterester.

Så vert fibrane lagde i ei leirsuppe før dei vert hengde til tørk.

Leirebadet gjer at fibrane ikkje så lett klebar seg til kvarandre. Leira må så bankast og ristast ut att av fibrane før ein kan spinna.

 

 

Neslefiber klar til spinning.

 

 

 

 

 

 

 

Spinning til tråd skjer ved hjelp av handtein. Det føregår over alt- mens dei byssar borna, er ute og går eller når dei sit og pratar. 

 

Brikkene er handvovne på tradisjonelt vis, på denne typen vev, eller på ein slags grindvev som dei har rundt livet.

 

 

Neslebrikkene har god kvalitet. Dei kan vaskast ogstrykast. Damping, varmt strykejarn og dampeklut, gjev bra resultat.  NB! Ikkje sentrifuger, for då er det lettare å stryka dei glatte etter vask.

Fleire produkt laga av nesle, t.d. handstrikka sjal, trøyer og caps

finn du i nettbutikken: www.allverdas.no

For lag/organisasjonar:  ALL VERDAS held føredrag om nesleproduksjon eller om Nepal, ulike tema. Då har me med varer frå butikken for sal.

Ta kontakt med Wenche Haugen Havrevoll, Gidl 3, 4244 Nesflaten, tlf 400 92 745

eller e-post allverdas@gmail.com  

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.