Ull/silke, 70/30, svart

Klassikar. Svart ullsjal, noko alle må ha i garderoben. Sjal, 70% ull og 30% silke, lett og mjukt.

NOK475,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Om ULL og SILKE
  • Produktmeldingar (0)

Svart sjal, 70% ull og 30% silke.  Ekte vare varer lenge.  Einsfarga, klassisk, går ikkje av moten.

Dette sjalet høyrer til basissortimentet i garderoben. Passar til alle fargar og nær sagt ved alle høve.  Kanskje ikkje bryllaup, men til gravferd er du kledd med dette.  Det er stilfullt og klassisk. 

Til bruk året rundt. Ull og silke isolerer, både når det er kaldt og når det er varmt.

Om sommaren kan du bruka sjalet som kast over akslene, perfekt over ein sommarkjole når det kjølnar om kvelden.
Om vinteren som skjerf eller sjal, enkelt eller dobbelt, alt etter som.

Sjalet kan rullast saman og takast med. Det er lett og krøllar ikkje, og du er alltid budd for endringar i temperaturen.

Om ein vil vera forsiktig, kan ein reinsa sjalet.  Men det går og fint å vaska det i maskin på ull-program og med MILO eller tilsvarande vaskemiddel.  Sjå fanearket over her.

Mål: 50 x 200 cm

Laga i Nepal. Fair trade.

La deg fasinera av denne videoen, 25 måtar å bruka sjal og skjerf på.

Om ULL

Ullfiber er både krusa og elastisk, og inneheld derfor mykje luft. Derfor har ull god isoleringsevne. Dette gjer og at ull har stor evne til å absorbera veske slik at sjølv fuktige ullklede varmar. Elastisiteten gjer også at tekstilar av ull held seg godt og er slitesterke. Ullfiber gjev etter ved belasting og går tilbake til utgangspunktet etter at belastinga er over. Denne elastisiteten gjer at ullvarer ikkje krøllar så lett som varer av t.d. lin og bomull.

Ull er følsamt overfor sterkt lys og høg temperatur. Fibrane blir skadde ved om lag 120 grader, og ein bør derfor vera varsam med strykejarnet, maks 2 prikkar. Ein bør helst vaska ull for hand fordi ull er eit proteinfiber som ikkje tåler raske temperaturendringar så godt. I tillegg kan ull vera følsamt overfor alkaliske vaskemiddel. Bruk Milo eller tilsvarande.

Men det spørst kor lenge ein vil at eit skjerf skal vara. Nokon vaskar alle ullklede på ullprogram i maskin og stryk med litt varmare strykejarn. Plagga held seg likevel fine i årevis.

Om SILKE

Silke er eit naturleg proteinfiber som kjem frå kokongen til silkeormen, ein sommarfugllarve som lever på morbærblad. Når larven har ete seg mett på morbærblad, tek han til å spinna ein kokong rundt seg. Larven utviklar seg til ein puppe inni kokongen, som til slutt blir ein sommarfugl. Sommarfuglen kan verken eta eller fyka. Men han legg egg som blir til larvar….

En silkekokong har eggform og er 3-4 cm lang. Han kan innehalda opp til 4000 meter tråd, som vil vera av ulik kvalitet frå inst til ytst. For å utvinna tråden til tekstilformål, blir kokongen mjuka opp i varmt vatn slik at sjølve tråden kan bli nøsta av. Fleire kokongtrådar blir lagde saman til ein tekstiltråd.

Silke er elastisk og krøllar lite. Stoffet absorberer lett fukt. Det isolerer godt, er behageleg på og har ein vakker glans. Men silke kostar, og derfor blir det produsert mykje kunstige, blanke fibrar, som ofte kan forvekslast med ekte silke.



 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.