Meat Masala

Godt krydder til kjøtdeig m.m. - gjev smakfulle gryterettar. Gjetarpai med Meat Masala er ein familiefavoritt - sjå oppskrift.

NOK25,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Meat Masala: krydder til kjøtdeig m.m.    50 g


Treng du ein ny rett til klubbkvelden? Vil du variera laurdagskosen i familien? Her er eit godt forslag.
Kopier og skriv ut.

GJETARPAI - også kjent som  SHEPHERD´S PIE

-familiens favoritt   (5-6 porsjonar)

 

500 g kjøtdeig (eller hakka kjøt av vilt t.d.)

1 lauk

olja til steiking

1 ts karri

1 ts ingefær

3 fedd hakka kvitlauk

2 ts meat masala

3 ts buljongpulver

1 ts chilipulver eller ein hakka chili

1 gulrot i små terningar

gulost

Slik gjer du:

ha olje i gryta

fres kjøtdeig, krydder, lauk og gulrot

ha dette i ei eldfast form

lag potetstappa, ha oppå

dekk med gulost

set i steikeomn på 180 -200 grader i 20 min, nedste rille.

server med eller utan salat

Knallgodt!

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.