Julekrybbe i oliventre frå Betlehem

Julekrybbe med 24 figurar.

NOK980,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Vakker julekrybbe & julekalender. Eirk Mills, prest i Uranienborg kyrkje i Oslo, har designa og fått laga denne kalenderen/krybba i Betlehem. Ho er skoren ut i oliventre. Kalenderen/krybba har stall og 24 figurer, ein til kvar dag i advent.

Det følgjer med eit hefte med kalenderforteljing, eit kort avsnitt til kvar figur. 

Denne julekalenderen kan takast fram år etter år.  Figurane kan plasserast fritt rundt i og på stallen. Dei kan flyttast på og leikast med. Dette er ei gåve med innhald, som varer.

Krybba kan lett pakkast saman, med alle figuarne inni, og setjast vekk til neste advent. 
Oliventre er ein seintveksande tresort, hard ved med fint fargespel. 

Nå som det er nokre år sidan eg begynte å selja denne julekrybba, kan eg seia at erfaringane er gode. Aktivitet er alltid populært, og ungane likar at der er ei historie om kvar figur og å flytta på figurane, i det heile leika med krubba. Så folk har spurt meg om eg kunne skaffa fleire, og det kunne eg. 
 

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom,

eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja!

Men okse der og asen stod,

og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Tre kongar kom frå Austerland,

frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

Han boren er forutan mann,

forutan mann,
og av Maria føddest han.
Halleluja, halleluja!

Han sjølv, som er Guds eige Ord,

Guds eige ord,
han kom i kjøt og vart vår bror.
Halleluja, halleluja!

Ein gong vi vert vår Herre lik,

vår Herre lik.
Han leier oss til himmelrik.
Halleluja, halleluja!

For denne glade joletid
,
for joletid,
me lovar Gud, vår Herre blid.
Halleluja, halleluja!

Treeinig Gud, vi lovar deg,

vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja.

Lov takk og pris i æva all,
i æva all.
Treeinig Gud, det vera skal.

Halleluja, halleluja.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.