Det er ein englefabrikk i Karoo…..I det aude og uendeleg vakre Karoo i Sør-Afrika finst ein avsidesliggjande landsby – Vondeling. Og i Vondeling finst det ei lita nedlagt kyrkje. Til denne kyrkja går det dagleg 10 menneske på jobb. Jobben deira er å strikka og hekla englar i ståltråd og glasperler, filt og strutsefjører. Og når desse englane er ferdige, fyk dei ut i verda – og ein del kjem til oss på Nesflaten, i Noreg.
Vengene har handverkarane hekla i tynn ståltråd, og dei kompletterer den kvite fjørkjolen og sølv-glorien. Gardi som du ser her, har pynta seg litt ekstra med smykke i halsen.
Dei majestetiske Gardi-englane er kalla opp etter Gardi, som starta handverksgruppene i Rietbron og Vondeling for meir enn 10 år sidan.
Gardi tyder ‘vakteren’.
Høgde: ca 15 – 17 cm