Julekrybbe, keramikk, stor

Julekrybbe i keramikk med 12 figurar, 13-17 cm høge.

NOK2 890,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Vakker julekrybbe med 12 figurer i keramikk. Handlaga i Sør-Afrika, raku-teknikk. 

Krubbefigurane kan gjerne takast fram i adevtstida, t.d. ein figur annankvar dag. Det kan vera ein god idé til ein adventskalender med pakkar. Eller ein kan pakka krybba i mange pakkar, frå 2 til 12, og gje ein pakke i året til eit fadderbarn eller til eit barn ein vil gje noko ekstra fint, noko som skal vara livet ut. 

Mål:  Maria, 13 cm, Josef, 17 cm.  

Fargane kan variera noko frå biletet.


 

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom,

eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja!

Men okse der og asen stod,

og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja!

Tre kongar kom frå Austerland,

frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

Han boren er forutan mann,

forutan mann,
og av Maria føddest han.
Halleluja, halleluja!

Han sjølv, som er Guds eige Ord,

Guds eige ord,
han kom i kjøt og vart vår bror.
Halleluja, halleluja!

Ein gong vi vert vår Herre lik,

vår Herre lik.
Han leier oss til himmelrik.
Halleluja, halleluja!

For denne glade joletid
,
for joletid,
me lovar Gud, vår Herre blid.
Halleluja, halleluja!

Treeinig Gud, vi lovar deg,

vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja.

Lov takk og pris i æva all,
i æva all.
Treeinig Gud, det vera skal.

Halleluja, halleluja.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.