Fugl, utskoren i tre, blåmeis

Blåmeis, ein hardfør og særs nyfiken fugl, vanlig i låglandet nord til Finnmark.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Blåmeis (Cyanistes caeruleus) er ein hardfør og særs nyfiken fugl, vanlig i låglandet nord til Finnmark.

Blåmeisa er ein sosial fugl som gjerne held seg saman med andre fuglar om vinteren. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med kjøtmeisa i sokalla meisetog. Blåmeisa er ein akrobatisk fugl som ofte heng opp-ned, av og til etter éin fot mens ho undersøker om det finst insekt under ei gren eller eit løvblad. Ho besøker ofte fuglebrett med solsikkefrø og forsyner seg av meiseboller.

Norsk ornitologisk foreining reknar med at det finst mellom 200 000 og 350 000 par i Noreg. Bestanden varierer frå år til år, hovudsakeleg på grunn av harde vinterforhold. Blåmeisene er små fuglar som lever nær sveltegrensa vinterstid. Kuldeperiodar og matmangel tar derfor ein heil del av hekkebestanden.

Blåmeisa hekkar frå mai til juli. Ho får 7–14 egg, og rugetida er 13–15 dagar. Ungane forlèt reiret etter om lag 16 dagar. Ho nyttar ofte gamle hole tre som hekkeplass, men ho hekkar òg gjerne i fuglekasser. Blåmeisa er den fuglen som med størst intensitet tek opp kampen med flugesnapparen for å tryggja seg fuglekassene om våren. Ho kan òg driva vekk større og sterkare kjøtmeiser.

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 11 x 5 x 8 cm   - levande er ho omlag 12 cm lang og veg ca 11 g, tydeleg mindre enn kjøtmeisa.

Les gjerne meir i Store norske leksikon: https://snl.no/bl%C3%A5meis

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.