Fugl, utskoren i tre, stare

Fugl, utskoren i tre, stare

NOK253,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne fine staren er skoren for hand i tre. Han kjem i fin gåveøskje.

Storleik på den utskorne fuglen: ca. 18 x 5 x 12 cm  - levande er han 22 cm lang.

Staren kan kjennast att på den metallglinsande svarte fjørdrakta og den sterkt karakteristiske vårsongen som inneheld hermelydar. Om hausten skiftar han fjørdrakta si til vinterdrakt som har små, kvite flekkar. Han har gult nebb og kort hale og spaserer på bakken, mens svarttrasten som også har gult nebb, har lang hale og oftast hoppar på bakken. 

Staren finst over heile landet, i Finnmark vert han oftast sett i område nær kysten. Han oppheld seg ikkje i tette skogområde, og ein finn han heller ikkje i alpine skogområde, men gjerne på jordbruksmark. 200 - 500.000 par hekkar i Noreg.

Staren kan hekka i mange og ulike holrom, og para kan gjerne etablera seg inntil kvarande. Han nyttar fuglekassane om det ikkje er holrom. Dei same fuglane kan koma tilbake fleire år på rad. Eldste norskmerka staren ein veit om, var 23 år.

Egga er lyseblå, og hoa legg 5 – 6 egg som blir ruga i tolv dagar, og det er frå siste egg er lagt. Ungane forlet kassen (reiret) etter 20 dagar. Det er då det er størst predasjonstrykk frå kråke og kattar.

Staren et korn, frø, frukt, meitemark, sniglar, edderkoppar og meir.

Han kjem som ein av dei tidlegaste av trekkfuglane, vanlegvis i mars - i fyrste eller andre veke. Då er det to månadar att før egglegginga, noko som er uvanleg for ein trekkfugl. Dei vaksne, og ein god del ungfuglar kan sjåast ute ved kysten langt ut i oktober. Staren kan også overvintra her.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.