Fugl, utskoren i tre, linerle

Fugl, utskoren i tre, linerle, vippestjert

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne fine linerla er skoren for hand i tre. Ho kjem i fin gåveøskje.

Storleik på den utskorne fuglen: ca. 14 x 4 x 8 cm  - levande er ho 16,5–19 cm lang.

Linerla er kvit, svart og grå med lang, vippande hale. Vippestjert er eit av mange lokale namn på denne.  Hekkar frå kyst til fjell (opptil 1500 m.o.h.)  over heile Noreg i tilknytning til kulturlandskap og bygningar. Reir i holrom eller andre plassar med overdekning.

Dette er ein typisk trekkfugl som kjem tilbake til Noreg frå Sør-Europa eller Nord-Afrika frå byrjinga av april i sør til byrjinga av mai i nord. Det hender at linerler prøver å halda seg i Noreg heile vinteren.

Linerla er monogam og forsvarar territorium. Begge kjønna bygger reiret. Hannen startar bygginga, og hoa gjer reiret ferdig. Det skålforma reiret er lettvint bygd og sett saman av kvist, gras, blad og anna plantematerial, og også hår frå dyr. Reiret vert plassert i ei sprekk eller eit hol, tradisjonelt i ei elvebreidd eller liknande, men linerla tilpassar seg og plasserer også reiret i hol i murar, bruer, brygger, under takpanner og andre bygningar, og i blant på meir uvanlege stader. Det er fullt mogleg å laga fuglekassar til linerla. Ein avlang kassetype med opning heilt opp under taket kan fungera godt.

Hoa legg 3-8 egg, oftast 4-6. Egga er kremfarga, ofte med lett blågrøn eller turkis nyanse, og kraftig flekkete i raudbrunt. Egga måler i gjennomsnitt 21x15mm. Begge foreldra rugar, men hoa rugar ein større del av tida og fast om natta. Egga vert klekte etter 12 dagar, men i blant så seint som etter 16 dagar. Begge foreldra tek hand om ungane til dei er flygedyktige etter cirka 14 dagar, og etter det held dei fram og matar ungane i enda ei veke. Linerlene kan verte utsett for reirparasittisme frå gauken, men oftast skyr dei reiret om dei vert utsette for dette. Teorien er at linerla er for lita til å ta ut gaukegget og for kortnebba til å øydelegge det, noko som gjer at dei i staden rømer reiret.

Hovudføda består av insekt, først og fremst fluger og andre tovengar, saman med biller og augnestikkarar. Elles et linerlene små sniglar, mark og krepsdyr og larver. Linerlene er uvanlege i den forstand at dei et insekt året rundt også der dei er standfuglar. Ved ringmerking har ein funne at ho kan verta over seks år gamal.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.