Fugl, utskoren i tre, dompap

Fugl, utskoren i tre, dompap

NOK259,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne fine fuglen er skoren for hand i tre. Han kjem i fin gåveøskje.

Storleik på fuglen: ca. 14 x 5 x 9 cm

Wikipedia fortel: Dompapen (Pyrrhula pyrrhula) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 16 cm lang, og veg rundt 21 gram. Han er  hovudsakleg standfugl, men nokre nordlege fuglar trekkjer sørover om vinteren.

Namnet «dompap» kjem frå lågtysk dompape med tydinga ´domherre´, fordi fjørdrakta minner om draktfargane til ein slik. Sisteleddet har same opphav som pappa og pave.

Dompapen er lett å kjenna att når ein fyrst får auge på han. Hannen har eit raudt bryst, ei svart hette på hovudet og ein blågrå rygg. Hoa liknar hannen, men har eit gråbrunt bryst. Vengene har gråkvite band hjå båe kjønna. Nebbet er stutt og kraftig med skarpe kantar slik at han kan ta av skalet av frø og knoppar.

Dompapen liker seg best i nåle- og blandingsskog, men òg i parkar og hagar. Dei byggjer reira sine i buskar og tre der hoa legg ein 4–7 egg.

Arten dannar ingen store flokkar utanfor hekketida og er oftast sett som eit par eller ei familiegruppe.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.