Fugl, utskoren i tre, fossekall

Fugl, utskoren i tre, fossekall, Noregs nasjonalffugl.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Fossekallen (Cinclus cinclus) er ein fugl i fossekallfamilien som er utpeikt som nasjonalfugl i Noreg. Fossekallen finst i store delar av Europa og nordvestre Asia.  Kjært barn har mange namn, minst 70 ulike lokale namn i Noreg. Her er nokre av dei: elveprestfosseskadde, elvekall, straumstare og kvernkall.

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 13 x 5 x 9 cm   - levande er han 17-20 cm.

Wikipedia fortel:

Fossekallen er brunsvart med kvit hakelapp, liten og rundvoren, med stutt stjert. Han held særleg til langs fossestryk, elvar og vatn.

Fossekallen er delvis trekkfugl, og medan dei gjerne held seg i nordlege område om sommaren flyg mange av dei sørover om vinteren. Mange fuglar trekkjer til dømes frå Noreg og nord-Sverige til sør-Sverige om vinteren. Ein kan likevel finna fossekallar i vassdrag og vatn i Noreg året rundt.

Fuglen dykkar til botnen etter føde og brukar vengene til å symja. Han et hovudsakleg larvar av små vassdyr. Fossekallen kan òg eta insekt på land som han finn mellom steinar og ved vassbredden.

Reiret er rundt med ein liten opning på eine side. Det blir bygd på ein avsats, i ei kløft eller under ei bru, nær vatn. Fossekallen legg 3–6 egg som blir klekte etter 14–18 dagar.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.