Fugl, utskoren i tre, fuglekonge

Fugl, utskoren i tre, fuglekonge, Noregs minste fugl.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

I skogen kan den litle fuglekongen vera vanskeleg å få auga på, men ein utskoren ein som denne, kan du studera heile tida om du vil. 

Storleik på fuglen: ca. 8 x 5 x 7 cm

Wikipedia fortel: Fuglekongen (Regulus regulus) er den minste fuglen i Europa, og han veg mellom 4,5 og 6 gram. Det latinske namnet Regulus, 'liten konge', heng truleg saman med at hannen har ei oransjegul stripe på issen, ei «kongekrone» som syner godt når fjøra på hovudet reiser seg som ein topp. Fuglekongen høyrer til fuglekongefamilien, Regulidae.

Fjørdrakta er gulgrøn, med litt svart og litt kvitt på vengene. Hannen har gul og oransje isse med svarte kantar, medan hoa har gul isse. Nebbet er kort og spisst og blir brukt til å plukka insekt frå borken av tre. Fuglekongen kan bli opptil 3 år og 4 mnd. etter ringmerking.

Fuglen hekkar i mars–april. Hoa legg 8– 11 egg som blir klekte etter 14— 17 døgn. Dei dreg frå reiret etter om lag tre veker.

Reiret byggjer fuglen vanlegvis høgt oppe i eit grantre. Det er korgforma, og heng på undersida av ei grein, godt skjult (sjå bilde). Reiret er svært vanskeleg å oppdaga, men her er eit tips: Veit du om lag kvar fuglen byggjer reir, kan du leggja ut nokre fine fjør og dun i området og spionera på fuglekongen i byggjeperioden. Han vil nok bruka det du har lagt ut, og då kan du finna reirplassen.

Fuglekongen er ein aktiv og selskapeleg fugl. Han lever i små flokkar, ofte saman med meisar. Han flyg frå tre til tre og leiter etter mat medan han held kontakten med andre fuglar i flokken med tynne pip.

Fuglen et edderkoppar, insekt som spretthalar og bladlus, larvar og insektegg som han plukkar frå greiner og bork oppe i tretoppane. Også kokongar frå leddyra vert etne. I sjeldnare tilfelle et han pollenkorn. Måten han flyg på minner litt om ein kolibri — han kan nemleg halda seg flygande framfor ei grein i fleire sekund.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.