Fugl, utskoren i tre, gjerdesmett

Fugl, utskoren i tre, gjerdesmett, vår nest minste fugl.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Gjerdesemetten, ein av spurvefuglane, er vår nest minste fugl, og veg berre 8–10 gram.  Han er ein liten rund fjærball med ein kort hale ståande nesten rett til vers. Heile fuglen er meir eller mindre tverrstripa i brune nyansar. Hann og ho er like.

Gjerdesmett er både stand- og streiffugl hos oss og ein vanleg hekkefugl i kyststroka i Sør-Noreg. Han er meir fåtallig i indre delar av Sør-Noreg og i Nord-Noreg til Sør-Troms. 

Han held seg i tett granskog med kvisthaugar og rotvelter. Legg oftast 6–8 egg i eit kulerundt reir med inngang frå sida, alltid i holrom mellom tette småkvistar eller innunder ein torvkant, men reiret kan også liggja fleire meter til vers, t.d. på bygningar eller i spesiallaga fuglekasser.

Hannen byggjer alltid fleire reir nesten ferdige og inviterer til slutt ei ho til å inspisera og til slutt godta eitt av dei.

Gjerdesmetten er ein typisk insektetar, men tar ein del bær om vinteren.

Storleik på den utskorne fuglen: ca. 7 x 5 x 8 cm

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.