Fugl, utskoren i tre, kjøtmeis, talgmeis, talgokse

Kjøtmeis, finst over heile landet, bortsett frå nord i Finnmark. Lagar gjerne reir i fuglekassar.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Kjøtmeis (Parus major), den vanlegaste av meisefuglane held gjerne til i lauv- og blandingsskog.

Lokale namn: Speketet(e) («spikjitét» (Ndm., Oppd., Gbr.), «spikjitétä» (Helgeland)), talgtit («tertit», Østf., Vestf.), talgtete (Rana), talgmeis(e) (Telem.) og kjøteirik (Telem., Agder)

Fuglen har svart hovud, kvite kinn og ei svart stripe langs undersida, men merker seg ut ved det sterkt gulfarga brystet. Ryggen er grønleg medan stjerten og vengene er blåaktige. Unge fuglar har ofte litt mattare fargar enn dei eldre.

Ved å strekkja hals og nebb oppover, slik at ein ser det gule brystet med stripa, og røra hovudet slik at dei kvite flekkane liknar store auge, kan kjøtmeisa truga andre fuglar.

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 11 x 5 x 8 cm   - levande er ho den største av meisene, omlag 15 cm lang og med ei vekt på 14 -20 g.

Wikipedia fortel vidare:

Innsekt, larvar, frø og frukter er typisk kost for meisa, som set stor pris på vintermating med feitt og liknande. Ho er sjølv byttedyr for tårnfalk, hønsehauk, sporvehauk, sporveugle m.m.

Kjøtmeisa held seg gjerne saman med andre fuglar. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med blåmeiser eller andre skogsfuglar i såkalla meisetog.

Fuglen hekkar frå april til juli, og har ofte to kull same året. Ofte brukte hekkeplassar er gamle hole tre, men er og ein ivrig kassarugar. Reiret lagar ho ved å fylle opp kassen med ca 8–10 cm mose, på toppen lagar ho ei grop som ho fôrar med det ho finn i området. Oftast er det ull, hår og fjør. Kjøttmeisa legg 6–12 egg, og rugetida er 12–14 dagar. Ungane dreg frå reiret etter 15–20 dagar. Kjøttmeisepara er trufaste.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.