Fugl, utskoren i tre, løvmeis

Løvmeis, ein hardfør og særs nyfiken fugl, vanlig i låglandet nord til Finnmark.

NOK205,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Løvmeisa er ein typisk løvskogsart og trivest særleg i område med vekslande løvskog og kulturlandskap.

Fuglen finst i låglandsområde over det meste av Sør-Noreg opp til Nord-Trøndelag, men er meir sjeldan i indre Austlandsområde.

Ho er en utprega standfugl og svært stasjonær.

Føda består av insekt og plantefrø frå mellom anna urter og gras.

Løvmeisa kan hekka i holrom i murar, under røter, og også i fuglekassar. Egglegginga skjer i månadskiftet april/mai, og rugetida er ca. 14 dagar.

Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 10 x 5 x 8 cm   - levande er ho omlag 12 cm lang og veg ca. 12 g, på storleik med blåmeis.

Løvmeisa liknar på granmeisa, men ein tommelfingerregel kan vera at løvmeisa held seg i meir tettbygde strok, medan granmeisa i hovudsak finst i barskog.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.