Fugl, utskoren i tre, svarttrast

Fugl, utskoren i tre, svarttrast

NOK269,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Denne fine svarttrasten er skoren for hand i tre. Han kjem i fin gåveøskje.

Storleik på den utskorne fuglen: ca. 18 x 5 x 12 cm  - levande er han 25-27 cm lang.

Svarttrast er utbreidd i store delar av Europa. Ein går ut frå at talet på svarttrastpar som hekkar i Noreg er mellom 100 000 og 1 000 000. I Noreg er han ein trekkfugl. Merka fuglar som er attfunne syner at Dei britiske øyane er viktigaste overvintringsstaden. Dei fleste svarttrastane dreg rett over Nordsjøen, men nokre tek vegen om Danmark og Nord-Tyskland. Det er attfunne merka svarttrast så langt sør som Sør-Spania.

Eldste svarttrast påvist ved merking i Noreg er 8 år og 6 mnd.

Svarttrast er kjend for ein sterk, melodisk song som typisk blir framført frå høge stader, som tretoppar. Det er hannfuglen som syng, og songen hans er på mange stader i landet eit sikkert vårteikn. Fuglen varierer songen og kan imitera andre fuglar. Svarttrast syng gjerne tidlege om morgonen og seint om kvelden, før og etter dei andre fuglane. Svarttrasten liknar litt på staren, men medan staren spaserer på bakken, kjem svartrasten hoppande.

Hannen er kolsvart med eit gult nebb i tillegg til eit lite gult parti kring auga. Hoa er brunsvart med raudbrunt og svartprikkete bryst og har brunsvart nebb. Ungfuglar er oftast raudbrune og har endå meir markante prikkar enn hoa.

Fuglen plasserer reiret på bakken eller lågt i ein busk, ei tett gran eller buskete lauvtre. Reiret er i hovudsak laga av leire, gras, mose og røter blir samanfletta til ei djup skål. I Sør-Noreg startar egglegginga i april. To kull i året er ikkje uvanleg. Hoa rugar dei blå- eller grøngråe egga i 13–14 døgn. Etter klekking oppheld ungane seg i reiret i 12–19 døgn og blir mata av foreldra i endå tre veker.

Svarttrasten lever av meitemark, insekt, tusenbein og sniglar. Om hausten et han frukt, bær og frø, og i dei delane av landet han overvintrar, er han ein hyppig gjest på fuglebrettet.

 

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.