Nøkkelring i tre, augestikkar

Nøkkelring i tre, augestikkar

NOK76,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Augestikkar fint utskoren i tre, med nøkkelring.  Mål: 7,5 x 7,5 cm

Augestikkarar eller augnestingarar (Odonata) er ei gruppe flygande rovinsekt som finst i samband med ferskvassystem over heile verda. Det er beskrive 5000 nolevande artar i tillegg til ei lang fossilrekkje som går attende til karbontida. 45 artar er registrerte i Noreg.

Det norske namnet augestikkar tilsvarar det tyske «augenstecher» og viser til folketrua om at augestikkarar kan stikke ut augo på mennesker. Også andre namn viser til ulike oppfattingaromat augestikkarar skal vera farlege for menneske. I tilegg til å kunna flyga etter augo for å stikke, skulle dei kunna leggja egg i øyro. I Nordland blei augestikkarar nokre stader kalla «ørsnik», «ørsnegl», «ørsnell» eller «ørsnil». Frå Rogaland kjenner ein namnet «helvedesnaver».Denne trua spegler ikkje røyndommen - ikkje berre er augestikkarar heilt harmlause for menneske, dei kan ikkje ein gong stikka.

 

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.