Skinnveske, til han og til henne, lang brei hank, svart

Praktisk veske i mjukt skinn, supergod på reise.

NOK790,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Historia bak denne veska er slik: Me var i Nepal, og der trefte me vår norske venninne Liv og mannen hennar. Ho hadde fått ei veske som ho likte så godt. Veska var så god på storleik, ho fekk plass til alt ho ville, og ho var lett og praktisk å bera, både framme, på sida og på ryggen. Så mannen hennar og mannen min hadde òg lyst på ei slik veske, for menn treng òg vesker når dei er på reise.

Ja, eg kan få laga akkurat det eg vil, så mennene studerte veska til Liv og kom med sine eigne ynske. Dei hadde nokre krav som måtte vera oppfylte. For det fyrste,svart skinn, og så med plass til mobil, øyrepluggar og sikker lomme til pass og pengar, og så plass til 0,5 liters vassflaske og litt reservemat. Ei lita notisbok, er greitt å ha med.  Veska måtte vera god å ha på aksla, det måtte vera brei regulerbar reim. Veska skulle vera lett å svinga att og fram på ryggen når dei er på tur i terreng. I tillegg, i folketrengsel, ville dei kunna ha henne trygt under armen og med eit ektsra grep rundt hanken.

Så eg gjekk til produsenten min og forklarte korleis eg skulle ha veska. Prøveeksemplaret var perfekt, og begge desse mennene ville ha akkurat den veska. Så eg måtte få laga fleire med ein gong. Mannen min brukte veska i 3 veker på tur, og han er super fornøgd, sjå video. Mannen til Liv som skulle vera to månader på tur, melder tilbake at veska fungerte akkurat slik ho skulle. Ho er mykje betre enn belteveske, som har vore alternativet før.

Veska har eitt stort rom med plass til vassflaske, paraply m.m. I dette rommet er det ein glidelåslomme med plass til pass og ev. pengar. Utapå er det ein glidelåslommm med plass til mobil og ev. meir og så ein liten glidelåslomme til f.eks. antibac eller våtserviett el.l.  Hanken er 3,7 cm brei, vove band i polyester slik at han ikkje skal bretta seg og blir smalare. Hanken er slik sydd at veska skal hengjast tvers over skuldera, så ein kan ha frie hender. 

Veska rommar  mykje. Når ho verkar full, er det endå plass til litt til.  Veska er lett, ho tyngjer ikkje på skuldera.

Mål: ca 28 x 17 x 6 cm

Veska er sydd av fagmann på ein liten verkstad i Nepal. Dette er Fair trade.

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.