Løvmeisa er ein typisk løvskogsart og trivest særleg i område med vekslande løvskog og kulturlandskap.
Fuglen finst i låglandsområde over det meste av Sør-Noreg opp til Nord-Trøndelag, men er meir sjeldan i indre Austlandsområde.
Ho er en utprega standfugl og svært stasjonær.
Føda består av insekt og plantefrø frå mellom anna urter og gras.
Løvmeisa kan hekka i holrom i murar, under røter, og også i fuglekassar. Egglegginga skjer i månadskiftet april/mai, og rugetida er ca. 14 dagar.
Storleik på denne utskorne fuglen: ca. 10 x 5 x 8 cm - levande er ho omlag 12 cm lang og veg ca. 12 g, på storleik med blåmeis.
Løvmeisa liknar på granmeisa, men ein tommelfingerregel kan vera at løvmeisa held seg i meir tettbygde strok, medan granmeisa i hovudsak finst i barskog.