Tryggleik og personvern
 
Me set pris på ditt besøk på våre nettsider og på at du viser interesse for våre produkt. Me ønskjer at du skal kjenna deg trygg når du besøkjer våre sider, og me forsikrar deg om at personleg informasjon blir handsama på ein sikker måte av oss. 
Me har forplikta oss til å ta omsyn til ditt personvern. Du kan gå til dei fleste Web-sidene våre utan å gje oss noko informasjon om deg sjølv. Men nokon gonger treng me informasjon for å gje deg tenester som du ber om, og denne erklæringa som gjeld ditt personvern, gjev opplysningar om innsamling av data og bruk av data i slike situasjonar.

Innsamling av personlege opplysningar
Me samlar også inn enkelte opplysningar om maskinvaren og programvaren din. Desse opplysningane kan vera: IP-adresse, Web-lesartype, operativsystem, domenenamn, tilgangstid og tilvisande Web-områdeadresser. Denne informasjonen blir brukt til å driva tenesta, halda oppe kvaliteten på tenesta og gje generell statistikk for bruken av nettsida vår.
 
Bruk av personlege opplysningar
Me brukar dei personlege opplysningane til følgjande føremål:
  • For å sikra at området dekkjer dine behov.
  • For å levera produkt og tenester, som nyheitsbrev, spesialtilbod og annan informasjon som du ber om eller kjøper.
  • For å hjelpa oss med å laga og publisera innhald som er relevant for deg.
  • For å varsla deg om nye varer, spesialtilbod, oppdatert informasjon og andre nye tenester frå oss, viss du ber om det.
Kontroll av personlege opplysningar
Når du registrerer deg, eller på annan måte gjev oss personlege opplysningar, vil me ikkje dela denne informasjonen med tredjepartar utan at du tillet det, med nokre få unntak som allereie er nemnde. Informasjonen vil berre bli brukt til formåla som er nemnde ovanfor. Viss du registrerer deg, fortel du oss også korleis me ev. skal kommunisera med deg.
 
Tilgang til dei personlege opplysningane
Me gjev deg sjansen til å sikra at dei personlege opplysningane dine er rette og oppdaterte. Viss du registrerer deg på vår heimeside, vil du ha full oversikt over bestillinga di til ei kvar tid.