Sau med to krokar

Sau med to krokar. Smijern og tre.

PrisNOK211,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Sau med to krokar. Smijern og tre. Frå ei gamal svensk familiebedrift: Spegels.

Mål: ca. 15  x 12 cm  (h x b)



Ordet «sau» stammer frå norrønt sauðr og er i slekt med verbet ´sauda/syda´, det vil seia ´koka´. Andre ord for dyra er «smale» (som i smalehovud) og på bokmål og dansk «får» (som i fårikål). Ein finn ordet «sau» att i stadnamn som Soay og «får» i Fair Isle og Færøyane.

Sau (Ovis aries) er ein drøvtyggar som høyrer til kvegfamilien. Han er eitt av dei vanlegaste husdyra og vert avla fram for kjøt og ull. Sauen var eit av dei første dyra som vart temde av menneske, truleg i Midtausten for om lag 10 000 år sidan. Gjennom tidene har det utvikla seg ei rekkje ulike typar sau tilpassa ulike leve- og bruksområde, og i moderne tid har ein avla fram nye rasar særskild tilpassa ull- og kjøtproduksjon.

Hosauen blir kalla søye, tekse eller sau; hannsauen vêr, vedde eller bekre; ungen lam; og eittåringen gimber eller jømmer. Ein sau kan verta 8-12 år gamal, men vert normalt slakta før det.

kjelde: Wikipedia

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.