Betaling og retur

Desse salsvilkåra gjeld for alt sal av varer frå nettbutikken til forbrukarar. Kunden si ordrestadfesting/bestilling utgjer saman med desse vilkåra det samla avtalegrunnlaget for handelen.
 
Vilkåra her gjeld kun for sal i Noreg med Svalbard og Jan Mayen. Ev. fraktomkostningar til sistnemnde, må takast over telefon, etter ordreregistrering.  Kundar utanfor dette området må ta kontakt med oss på e-post eller telefon.
Sal til forbrukarar er mellom anna regulert i forbrukarkjøpsloven og  angrerettsloven.
 
Me er ansvarlege for transaksjonar via ev. betalingskort gjennom nettsida.
 
Prisar
Prisane inkluderer moms etter den satsen som gjeld for varen,  dvs. 25 % for det meste og 15% på mat/drikke.   Dersom momsen, skattar eller andre avgifter vert endra, vil våre prisar verta tilsvarande endra.

Bestilling
Alle bestillingar blir rekna for å vera bindande. Du mottar ei ordrestadfesting pr. e-post med all informasjon. I tillegg mottek du ein e-post med informasjon etterkvart som ordren vert handsama hjå oss.

Levering m.v.

Levering er like etter betaling  eller etter 1-3 dager.

Levering av varen frå seljaren til kjøparen skjer på den måten, på den staden og til det tidspunktet som er sagt i bestillingsløysninga i nettbutikken. Viss ikkje leveringstidspunkt går fram av bestillingsløysinga eller i e-post som følgjer med ordrestadfestinga, skal seljaren levera varen til kjøpar innan rimeleg tid og seinast 30 dagar etter bestillinga er komen frå kunden. Skal seljaren ha ansvar for at varen blir sendt til kjøparen, pliktar han å få varen frakta til bestemmingsstaden på ein eigna måte og på vanlege vilkår for slik transport. Bestemmingsstaden er hos kjøparen viss ikkje anna er særskilt avtalt mellom partane.

Klarna
Klarna er Europas leiande leverandør av faktura- og finansieringsløysingar til netthandel.

Klarna har med sine tenester Klarna Faktura og  Klarna Konto, blitt Skandinavias mest populære betalingsmåte. Du som kunde får alltid varene heim før du betalar. Betalingsprosessen er den raskaste på nett idag, og Klarna legg stor vekt på at du som forbrukar skal kunna kjenna deg trygg når du handlar på nett.

Med  Klarna Faktura handlar du enkelt via personnummeret ditt. Du betalar alltid etter at du har motteke varen.

Tenesta Klarna Konto passar for deg som vil dela opp betalinga og samla alle delbetalingskjøp på ein faktura. Alle kjøp du gjer med Klarna Konto i ein månad vil bli samla på èin enkelt faktura som du får i midten av neste månad. Dessutan kan du alltid sjølv bestemma kor mykje du ønskjer å betala kvar månad.

For din tryggleik vil me ikkje lagra kortnummeret på betalingskortet ditt.
 
Kansellering/refundering
Så sant ordren ikkje er under handsaming (dvs. at varene er pakka og eller/sende), kan du gå inn på "di side" og kansellera ordren. Dette gjeld kun for dei som har oppretta konto i butikken. Kundar som har brukt "hurtigkasse" må ta kontakt via vårt kontaktskjema.
Om du brukar angreretten og har betalt for varene ved bestilling (f.eks. via VISA/MasterCard), vil me refundera innbetalt beløp innan 14 dagar.
 
Andre salsvilkår
Eksportrestriksjonar er i tråd med  OFAC, EU og FN sine bestemmingar. Me sel ikkje varer til Burma, Elfenbeinskysten, Irak, Iran, Kongo, Cuba, Liberia, Nord-Korea, Zimbabwe, Sudan, Syria.

Dine angre- og returrettar
Angrerett

Ingen handel er avslutta før du har sett og godkjent vara/varene. Skulle du angra eit kjøp, melder du dette via e-post, eller så sender du vara tilbake i komplett produktemballasje innan 14 dagar frå den dagen du mottek varene (angrefrist) og legg ved ei forklaring med grunnen for at du leverer tilbake vara. Du vel sjølv om du vil ha ei anna vare eller pengene tilbake. Me gjer merksam på at angrefristen vert utvida til 3 månader dersom returforklaringsdokument ikke følgjer med vara.

Vilkåra for retur er at varene ikkje har vore i bruk og at dei kan seljast som nye. Alle merkelappar skal hengja på og originalemballasjen må også leggast ved. Du kan returnera ei vare utan å oppgje grunn for dette, men det er eit ønske at du forklarer årsaka til returen på returskjemaet.

Viss du brukar angreretten din og returnerer ei vare som postpakke eller brev, betalar du sjølv for returkostnadene. Du står sjølv for transportrisikoen. Fyll ut returforklaringsdokumentet og skriv kva du returnerer. Når me har fått tilbake vara/varene i skadefri tilstand, betalar me tilbake beløpet du har betalt, innan 30 dagar. Oppgje kontonummeret ditt på returskjemaet, så har du pengane raskt på konto, elles vert pengene sende på eit vanleg utbetalingskort.

Angrerett
For dine innkjøp gjeld ein angrerett på 14 dagar. I denne perioden har du ein angrerett som inneber at du kan senda tilbake dei varene du har motteke. Du forpliktar deg berre til å ta  transportkostnadene for returen.  Du skal i så fall senda tilbake varene uskadde og ubrukte.
Avgiftene er dei same, uavhengig av kor mange varer du har kjøpt. Gjeld det ei brukt vare, kontakt oss via kontaktskjemaet. Ved en eventuell tvist kan du venda deg til Forbrukarrådet eller til det lokale forbrukarkontoret ditt for å få hjelp. Les også avsnittet om dine returrettar.

Reklamasjon ved mangel og frist for å melda krav ved forseinking

Dersom det er ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleig tid etter at han eller ho oppdaga mangelen, gje seljaren melding om at han eller ho vil klaga på mangelen. Fristen kan aldri vera kortare enn to månader frå det tidspunktet da forbrukaren oppdaga mangelen.

Reklamasjon må likevel skje seinast to år etter at kjøparen overtok vara. Dersom vara eller deler av denne er meint å vara vesentleg lenger, er reklamasjonsfristen fem år. Ved forseinking må krav rettast til seljar innan rimeleg tid etter at leveringstida er komen og vara ikkje er levert. Dersom vara er betalt med kredittkort, kan kjøparen også velja å reklamera og senda krav direkte til kredittytar (kredittkortselskapet). Meldinga til seljaren eller kredittytar bør vera skriftleg (e-post, telefaks eller brev).

Force majeure
Skulle det oppstå ein situasjon som gjer det umogleg for oss å oppfylla våre forpliktingar i denne avtalen, og som etter vanlege kjøpsrettslege reglar blir rekna som Force Majeure, opphøyrer forpliktingane til den parten som ramma. Dette gjeld så lenge den ekstraordinære situasjonen varer ved. Som Force Majeure reknar ein t.d. lovendring, arbeidskonflikt, streik, lockout eller andre omstende som partane ikkje rår over, slik som krig, opprør, brann, eksplosjon eller inngrep frå offentlege styresmakter. Det same gjeld ved plutseleg endring av krav til merking av produkt, varseltekstar, salsforbod eller avgjerd frå styresmakter som påverkar marknaden og produkt i negativ retning eller ein unormal nedgang i marknaden.
 
Minimumsalder
 
For å handla i vår nettbutikk må du ha fylt 18 år. Er du under 18 år, kan du få eIn myndig person, f.eks. en føresett, til å handla for deg.

Opplysningar gjevne i nettbutikken

Me prøver å gje våre kundar så korrekt informasjon om produkta våre som mogleg. Me tek likevel atterhald om at skrive-/ trykkfeil kan førekoma, noko som kan innebera at me ikkje kan levera i tråd med den informasjonen som blir gjeven i nettbutikken, i marknadsføringa eller på annan måte.

Konfliktløysing

Partane skal prøva å løysa eventuelle tvistar i god forståing med kvarandre. Kjøparen kan ta kontakt med Forbrukarrådet for å få hjelp i ein eventuell tvist med seljar. Dersom ein ikkje kjem fram til løysing etter megling i Forbrukarrådet, kan partane skriftleg krevja at Forbrukarrådet legg tvisten fram for Forbrukaertvistutvalet. 13) Vedtak av Forbrukartvistutvalet er rettskraftig fire veker etter forkynning. Før vedtaket er rettskraftig, kan partane, ved innsending av stemning til Forbrukartvistutvalet, senda vedtaket inn til tingretten.

13) Sjå lov av 01. mars 2017 Lov om Forbrukerklageutvalget (forbrukarklagelova).