Om oss

ALL VERDAS gåver og bruksting er ein nettbutikk og ein fysisk butikk på Nesflaten i Suldal kommune. Her er varer du ikkje finn i  andre butikkar. Butikkeigar Wenche Haugen Havrevoll har eigen import direkte frå Nepal og fleire andre land. Vareutvalet her i nettbutikken aukar på, men enn så lenge finn du mykje meir i den fysiske butikken.

Me reiser til Nepal ein eller to gonger i året. Der besøkjer me forhandlarar og produsentar, og me har etter kvart fått eit godt nettverk i landet. For oss er det viktig å vera i kontakt med produsentane sjølve. Me ynskjer rettferd og kvalitet i produksjon og handel, og me orienterer oss ved sjølvsyn på produksjonsnivå.

Når ein blir kjent med folk, fører det gjerne til at ein involverer seg i deira kvardag. Me har støtta ulike prosjekt, m.a. bygging av eit lite kraftverk som no gjev straum til 602 hustandar i ei veglaus bygd. Me har engasjert oss for ein barneskule og saman med våre sponsorar har me gjort ein stor forskjell både for elevar og lærarar på denne skulen. Her er ingen administrasjonsutgifter. Dei pengane som kjem inn på skulekontoen, går direkte til Nepal. Me arbeider no med plan for å gje lærarkurs på skular i Kothang, eit distrikt der skulen står veldig svakt. Me har hatt fleire møte med ein organisasjonen i Kathmandu som organiserer kurs, og som me har god erfaring med. Me har etablert kontakt med ansvarlege personar frå/i distriktet og håpar å koma i gang med praktisk planlegging utover våren no, 2017. Det tek tid å etablera nytt skuleprosjekt, for me er nøye med at det skal gje resultat. Då må me ha dei rette folka å samarbeida med. Me høyrer om mange mislukka hjelpeprosjekt i media. Me går nøye til verks. Det me går inn på, skal gjera ein forskjell for folk. Behovet er enormt.

Om nokon ynskjer, går det an å gje ei gåve. Ta kontakt om du vil høyra meir.  Mob 400 92 745    Kontonummeret er: 3305 16 75059   

Hausten 2012, 2014 og særleg 2015 fekk me med ein masse ullklede frå Nøstebarn som me delte ut til ungar på skulen, og no sist i 2015/-16 til mange fleire. Det har kome godt med, for her er kaldt om vinteren. Tusen takk til Nøstebarn og til dei som har vore med og frakta alle dei gode kleda!

Hausten 2012 starta me ei strikkegruppe for fattige kvinner, Charikot knitting group. Starten var god. Me fekk fort bestilling på ullhuver. Om kvinner får arbeid, får familiane deira ein litt betre kvardag. Seinare har dei vore opptekne med å strikka sokkar, huver og genserar som me og våre hjelparar har kjøpt og gjeve til fattige ungar i området.  Leiaren for gruppa har starta sin eigen butikk der ho sel garn og andre varer, og ho organisrer strikking når me får bestillingar.  Me ynskjer fleire bestillingar på strikka plagg - ta kontakt for å høyra meir. Mob. 400 92 745

 

All verdas, slik namnet seier, importerer også varer frå andre land. Me får m.a. fantastisk fine korger frå Ghana, heilt spesiell fin keramikk frå Sør-Afrika, stilige kort frå Kenya og nydeleg broderi frå Madagaskar. 

Korleis var starten på All verdas gåver og bruksting? Det starta med Tjerand sin butikk, ei ungdomsbedrift, som seinare har blitt til ALL VERDAs gåver og bruksting. Tjerand, hadde ein lærar som hadde budd 10 år i Nepal, og gjennom henne fekk han ideen om å kjøpa og selja varer frå Nepal. Mor Wenche var lærar for Tjerand sin klasse då han hadde bedrift som valfag i ungdomsskulen. Då Tjerand flytte heimanfrå for å ta utdanning, kunne han ikkje halda fram med butikken. Då hadde mor ikkje noko val. Ho kunne ikkje seia til dei i Nepal at det var slutt med handelen. Om Tjerand sin butikk var liten, var han viktig for dei i Nepal. Mor Wenche tok over butikken og etter eit langt lærarliv, er det no butikk på heiltid.

Les om Tjerand sin butikk på ABC nyheter her: Klikk her

Her er ein artikkel om Wenche sin butikk ALL VERDAS  frå Suldalsposten, nov. 2012: Klikk her

Her er ein artikkel om ALL VERDAS, i Magasinet FRI, juni 2013  side 1, side 2.

Her er ein artikkel om Wenche sin nettbutikk på nynorsk frå Framtida.no: http://www.framtida.no/articles/vil-selje-klede-ikkje-klar#.U2j-bVf82yE

Her er ein reportasje om ALL VERDAS gåver og bruksting, frå Nationen, april 2014.  Klikk her 

Her er ein artikkel "Etikk i handlekorga". ALL VERDAS markerer Verdas Fair trade-dag, Suldalsposten, mai 2014. Klikk her.  Les heile artikkelen her, s.7  Klikk her

ALL VERDAS reiser på marknader og messer. Etnemarknaden (eg har stand inne i hallen) og Dyrsku´n i Seljord (eg er i Ridehallen, inne) er dei største.  Ryfylkedagane og Røldalsmarknaden er dei næraste.  Der er mange gilde folk på marknadar. Veldig kjekt er det og med hyggelege og hjelpsame  medutstillarar. Sjå her: http://karmsundavis.no/2013/08/01/etnemarknaden-i-full-gang/

Suldal kommune er Fairtrade-kommune. Her er ein filmsnutt frå eit nettverksmøte med representantar frå alle fair trade-kommunane i Rogaland, hausten 2013. Klikk her

Laurdag 14.mai 2016 arrangerte me for tredje gong MAI-dag her på Nesflaten. Då markerte med Verdas fair trade-dag med høgtideleg opning av ordføraren, handel og vandel, aktivitetar og god mat. 

Laurdag 13. mai 2017 blir det ny MAI-dag. Ta kontakt om du har lyst til å ha stand hjå oss den dagen.