Maria Parr: Keeperen og havet

Maria Parr: Keeperen og havet Boka er hjartevarm, spanande, poetisk og glitrande komponert. Passar for born 8-13 år, og for alle eldre enn dette som vil kosa seg med ei god bok.

TilbodNOK230,30 Førpris:NOK329,00 Rabatt -30% inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)
All verdas sel denne boka fordi ho er spesielt god. Alle fadderbarn bør få denne.
Ho eignar seg spesielt godt til høgtlesing, og ho vil gje veldig fine stunder for både vaksne og barn om de les ho ilag.  Mange lærarar brukar ho som høgtlesing i klassen. Elevane likar boka veldig godt og sit ganske stille! 
Om boka: 
Endeleg er Trille og Lena frå Vaffelhjarte tilbake, til glede for gamle og nye lesarar! 
Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han kan gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han byrjar å bli gammal.
Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene. For kva skal ein gjere når alle flåtane ein byggjer, forliser, alle flaskepostane ein sender, driv inn i fjørene heime og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det!

For som Lena Lid seier i trengde situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme!
Boka fekk to gjeve prisar det året ho kom ut:  Brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris
Frå grunngjevinga til Brageprisen 2017
Keeperen og havet byr Maria Parr på mer av det vi gledet oss over i Vaffelhjarte, den første boka om Trille og Lena i Knert-Matilde. Samtidig klarer Parr å få det kjente universet til å fremstå nytt og friskt ved å skildre det gjennom øynene til to tolvåringer. Lena og Trille plasseres i brytningspunktet mellom barn og ungdom og dette gir rom for de motsetningsfylte, klisjefrie karakterene til å utvikle seg videre. ... Fra den lille bygda ved havet skaper Maria Parr et litterært univers som er både tidløst, universelt og godt å vende tilbake til.
 
Bokmelding: "En bok som er både hjertevarm, spennende, poetisk og glitrende komponert."

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.