Song for deg og meg, Odd Nordstoga si songbok i ny og utvida utgåve

Odd Nordstoga, redaktør for Song for deg og meg, passar for born i alle aldrar og for alle andre.

TilbodNOK244,30 Førpris:NOK349,00 Rabatt -30% inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktmeldingar (0)

Om boka

Odd Nordstoga, ein av våre mest populære musikarar, artist, låtskrivar og komponist, er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval som vi trur alle songglade vil ha stort utbyte av. Denne boka er ein songskatt for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar, songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte med omtanke og teft av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg.
Odd Nordstoga
Forlag: Samlaget
Innbunden
Sidetal: 198
ISBN: 9788252183450
Frå føreordet til Odd Nordstoga:
"Songutvalet er lagt til rette for barnehagar og småskule, men me trur likevel at boka kan vera til glede for alle som er glade i å synge. For det er eit breitt utval som vert presentert. Dei gode gamle klassikarane er sjølvsagt med. Du finn også mykje folkemusikkstoff. Nokre songar er laga særskild for denne boka, og ein del nyare viser er tekne med. alle songane er lagde i ei tonehøgd som bør inkludere dei fleste, og harmoniseringane er ikkje avskrekkande – om du kan klimpre litt på gitar eller spela litt piano. Song for deg og meg er meint som ei bruksbok! Me vonar den også i «nyoppussa» utgåve vil koma til nytte i klasserom, barnehage eller heime. Tusen takk til dei som bidrog med stoff eller kom med framlegg til kva som burde vera med i boka. Takk til Jørund Fluge samuelsen som skreiv notane. "

Skriv ei produktmelding og del erfaringane dine med dette produktet med andre kundar.